Velkomen til Utbygdo Grendahus i Kårevik på Stord!
Grendahuset har ein viktig funksjon i Kåreviks-bygda.
Her kan du leiga flotte lokale til bryllaup, konfirmasjon og samkome av ulike slag.
Medlemmar får reduserte prisar.
Huset var ferdigstilt i 1988. Kjøkkenet er oppussa og det er gjort andre oppgraderingar. Storsalen er måla kvit. Her er no lyst, flott og høgt under taket!
Me er stolte av grendahuset vårt, som stort sett er bygd på dugnad av lokalfolket. I alle år har det vore mykje nytta som fest- og møtelokale.
Utbygdo Grendahus er eit partslag og er dermed tufta på friviljug arbeid til drift og vedlikehald av huset, lokala og utearealet.
Det er fullt utstyrt. Les meir
her.